For deg som er elev
Her er snarvegane du treng når du har byrja hos oss: timane dine, teoriøving og bestilling av prøve.
Elevsida i TABS
På elevsida ser du timane dine, kva du har gjennomført og kva som står att. Du loggar inn med brukaren du fekk då du vart elev. Manglar du passord, kan du be om nytt på innloggingssida.
Teoriprøva
Du bestiller teoriprøva sjølv på Din Side hos Statens vegvesen, og du må ha søkt om førarkort fyrst. Til moped må all obligatorisk opplæring vere registrert før du kan ta prøva.
Førarprøva
Læraren din seier frå når du er klar, og skolen kan bestille time for deg når du har gitt fullmakt på Din Side.
Søknad om førarkort
Før du kan ta teoriprøva, må du søkje om førarkort på Din Side. Har du ikkje førarkort frå før, må vandelen din òg vere godkjend. På Din Side ser du status på søknaden og kor langt du har kome i opplæringa.
På prøvedagen
Ta med gyldig legitimasjon. Førarprøva kan du betale på førehand på Din Side.
Kjelde: Statens vegvesen