Demo fra POK Sales & Marketing. Ikke publisert, tall merket «bekreftes» sjekkes med skolen.
Effektiv trafikkopplæring ASTytebærhaugen 11, Vaksdal

Førerkortklasser

Vi har opplæring i bil, tilhengar, motorsykkel, moped og mopedbil. Her ser du kva kvar klasse gir deg lov til, og kvar du byrjar.

Kvar byrjar eg?

For dei fleste klassane byrjar du med trafikalt grunnkurs. Det er 17 timar, du kan ta det frå du er 15 år, og du tek det berre éin gong. Har du allereie teke det for moped, gjeld det òg når du skal ta bil.

Etter grunnkurset følgjer opplæringa fire trinn. Læraren din vurderer deg etter trinn 2 og 3, og du tek dei obligatoriske kursa undervegs. Til slutt tek du teoriprøve og, for dei fleste klassane, førarprøve.

Alderskrav

KlasseAlder for førarkort
Moped og mopedbil (AM146, AM147)16 år
Lett motorsykkel (A1)16 år
Personbil (B)18 år, øvingskøyring frå 16
Tilhengar (BE, B96)18 år, må ha B
Mellomtung MC (A2)18 år
Tung MC (A)24 år, eller 20 med to år på A2

Kjelde: Statens vegvesen, vegen til førarkortet